fredag 24. oktober 2008

Eg Kan


Eg skriv ikkje fint,
og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…
Jau, det kan eg greie,
ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie,
ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie,
ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!
(Ingvar Moe)

1 kommentar:

Hage foto og natur sa...

Hei!
Søtt dikt.
Artig med frikvarter/pause på Spansk i overskriften din.
Ha en fin uke alle sammen :D)
klem fra Jorunn