søndag 16. november 2008

Til ei lita gjente





Gud signe deg Aslaug Maria

som berre er fire år!

Du har slike djupe auge,

~reine som sol og vår!


Gud signe deg Aslaug Maria

du har ikkje synda du!

Du foldar dei kvite hender

i liljekvit barnetru.


~Smil til meg Aslaug Maria

- solstrålesmilet ditt!

Da rømer dei vonde vette

,som bur uti hjarte mitt.


Aslaug, Aslaug Maria.

Gud halde si hand på deg,

og lyfte deg over dei steinar

som ligg på livsens veg!


~ Jakob Sande~

Ingen kommentarer: